Hausten 2013 er i gang!

Ja, vi er i gang. Fem grupper så langt, og eg er åpen for ei ny gruppe eller to på tirsdager også. Det er to grupper som kanskje skal starte opp; ei for yngre spillere (8-10 år) og ei for eldre (11-15 år), men ingenting er avgjort ennå.

Uansett; dei gruppene som er igang har allereie fått meir enn nok å bale med. Det er forskjellige eventyr underveis, og forskjellige utfordringer.

Den mest spesielle utfordringa er kanskje dveler-gruppa, som allereie har hatt fleire laaange scener der dei har prøvd å hale vannskrekkslagne dvelere over solide broer …
– og det er slett ikkje enklere å dra inn i hjertet av Homunkel for å finne «eitt eller anna spesielt» i fjellet under det verste trollbolet i verda … (stakkars dvelere).

Ei av skattejeger-gruppene er blitt kasta tilbake i tid, og har sett både krystallpalasser og grusomme kannibaler. Nå er dei på veg inn i eit mystisk tårn der dei tror det finnes ein steingolem …

Den andre skattejeger-gruppa dro sydover, fann ei elv og eit tårn, og noen gonduler, men så viser det seg at ei mektig erkeheks vil ha disse gondulene, så det er ikkje heilt lett å holde seg i live lenger nå … (hehe).

Den tredje skattejeger-gruppa har ikkje sett snurten av skatter i det heile tatt; dei har høyrd om ein skatt over havet, men strevde verre med å komme seg på eit skip, og når dei endelig kom over havet, var dei ganske fortapte i eit land herja av onde heksekrigere …

Ridderne har vært på orkejakt, og har gjort noen grove blundere; blant anna den STORE blunderen at dei ikkje kartla hvor orke-sjamanen var før dei angrep eit orkebol, og dermed vart dei kasta fleire mil avgårde! Bare utrolig flaks (og maaange heltepoeng) gjorde at dei landa med bare små skader …

Jaja, så lenge det er liv er det håp! 
(unntatt for dei rollene som allereie er døde da)